KROPP OG BEVEGELSE
Hovudmål:
- I vår barnehage skal me leggja til rette for dagleg fysisk aktivitet som kan fremja barna si bevegelsesglede og motoriske utvikling
Delmål:
- I vår barnehage skal me leggja til rette for at barna tilbringer tid utandørs kvar dag (med atterhald om dagar med mange kuldegrader og islagt uteleikeplass)
- I vår barnehage deltek dei vaksne aktivt i motorisk leik
MAT OG HELSE
Hovudmål
- I vår barnehage skal me gje barna eit grunnlag for å utvikla matglede og sunne helsevanar, gjennom måltid og matlaging
Delmål:
- I vår barnehage serverer me barna grønnsaker eller frukt til måltida kvar dag
- I vår barnehage vektlegg me eit mattilbod med plantebaserte matvarer og fisk
