TRYGGLEIK
Tryggleik for oss heng nært saman med trivsel, og for at ein skal trivast er gode venskap viktige. I barnehagen skal barna støttast i å utvikla sin sosiale kompetanse. Sosial kompetanse handlar om å samhandla med andre på ein positiv måte i alle situasjonar. Det omhandlar ferdigheitar, kunnskapar og haldningar som blir utvikla gjennom sosialt samspel. Det er viktig for barn å kjenne seg viktig for fellesskapet og å vera i positivt samspel med andre barn og vaksne. Det er personalet si oppgåve, i samarbeid med heimen, å støtte barna si utvikling av vennskap og sosiale ferdigheiter, gje barna gode reiskap og støtte i konflikthandtering og til å framheve det positive. For å klare dette er det viktig at alle vaksne er gode rollemodellar, framsnakkar og er deltakande og autoritative vaksne.
For at barn, foreldre og tilsette skal oppleva tryggleik skal me:
- møta kvarandre med eit smil
- visa og gi uttrykk for at alle er ønska og velkomne i barnehagen
- sjå alle som den dei er og respektera kvarandre
- gi kvarandre god omsorg
- ha forutsigbare dagar
- lytta til kvarandre
- gi foreldre god informasjon om korleis barnet har det i barnehagen
- gi kvarandre ros og anerkjennelse
GLEDE
I glede legg me livsglede, rørsleglede, mestringsglede og ikkje minst humor, leik og moro. Barnehagen skal vera ein arena barna gler seg til å komma til, der dei blir glade for å sjå kvarandre og gleder kvarandre med fine ord og tilbakemeldingar.
For at barn, foreldre og tilsette skal oppleva glede skal me:
- jobba for at alle skal ha gode mestringsopplevingar
- vera imøtekommande
- ha kjekke aktivitetar
- jobba for at alle barna skal ha gode venner
FELLESSKAP
Å oppleva tilhørighet til eit fellesskap og føla seg inkludert er viktig for barnet si sjølvkjensle. Alle barna skal føla dei blir sett og anerkjende for den dei er, og at dei alle er viktige for fellesskapet. I felleskapet i barnehagen vil barna oppleva demokratisk deltaking ved at dei får er med på å medverka til innhaldet i kvardagen. Eit barnehagefelleskap med mangfald av kulturar er verdifullt, og me ynskjer eit inkluderande fellesskap med respekt for det som er ulikt.
For at barn, foreldre og tilsette skal oppleva fellesskap skal me:
- respektera kvarandre
- sjå på mangfald som ein ressurs
- jobba mot same mål
- inkludera alle
- ha felles opplevingar
- arrangera sosiale arrangement
- la barna medverka i planlegging og gje dei moglegheit til å ta val
- markera nasjonaldagar til alle kulturar som er representerte i barnehagen
- markera høgtider knytt til religionar som er representerte i barnehagen
- ha flagg til ulike nasjonalitetar hengande synleg på avdelinga
- oppmoda til å dela frå sin kultur og sitt språk