Teikn-til-tale
Språk er verktøy for sosial kontakt, og den største grunnen til at barn lærer språk er ynskje om å komma i kontakt med andre barn og voksne, og kommunisera med dei. Språket blir utvikla gjennom kommunikasjon, og ein ser difor at det sosiale samspelet er viktig for språkutvikling og barna si læring.
Alle barn skal ha moglegheit til å kunna uttrykkja tankar, behov og kjensler. Dei må også få moglegheit til å gjera seg forstått og forstå andre. Om barnet manglar eit felles språk eller kommunikasjonsform med resten av gruppa, reduserer dette moglegheita til å delta i fellesskapet, samspela med dei andre og gjer at deltakelse i aktivitetar og læring blir vanskeleg.
Små eittåringar utan verbalspråk, barn med sein språkutvikling eller språkvanskar, og fleirspråklege barn må inkluderast i kommunikasjonen og fellesskapet, med eit felles språk som alle har moglegheit til å meistra. Gjennom å bruka teiknn som støtte i kommunikasjonen blir det skapt eit felles språk mellom dei ulike språka som finst i barnehagen.
Teikn-til-tale er ein metode der ein brukar talespråk i roleg tempo, samtidig som ein brukar handteikn til eitt eller fleire ord i setninga. Teikna synleggjer talen og illustrerer det ein seier. Forskning viser at barn tileignar seg språk lettare når dei har tilgang til språket på fleire forskjellige måtar, og når fleire sansar er i bruk samtidig. Ein høyrer ordet bli sagt, og sidan teikna er visuelle, vil det auka aktivitet i både venstre og høgre hjernehalvdel. Når ein i tillegg brukar hendene til å gjera teikn, brukar ein den kinetiske sansen, og dette vil hjelpa barna å hugsa og henta fram orda. Bruk av teikn-til-tale i kommunikasjonen gjer at ein automatisk senkar taletempoet, og ein har blikkontakt med den ein kommuniserer med. Dette forsterkar kontakten i dialogen og er bra for konsentrasjon og fokus.
Barn som ikkje har utvikla talespråk, nyttar automatisk kroppspråk og gestar for å gjera seg forstått. Dette er fordi det er fysisk lettare å bruka kroppsspråk og teikn, enn tale. Med teikn-til-tale vil dei få tilgang til fleire ord enn kroppspråket.
Barn lærer språk gjennom fyrstehandserfaringar og gjentakingar. I barnehagen vil me difor bruka teikn i kvardagssituasjonar, som måltid og påkledning, for dei gjentek seg dagleg. I samlingsstund vil me velga songar med teikn. Me ser at barna synst det er morosamt, det stimulerer til imitasjon og barna får god repitisjon av teikn. Me vil også støtta med teikn i aktivitetar som spel, forming og leik.
Det er viktig at barna skal oppleva dette som noko spennande og noko som pirrar nysgjerrigheita. Det skal vera lystbetont, og me skal ikkje tvinga fram teikn. Me voksne skal vera rollemodellar og dei som brukar teikn mest, og tilby ein annan måte å uttrykka seg på for dei barna som treng det.
I barnehagar som nyttar teikn-til-tale ser dei at det skapar mindre støy, og mindre konflikter og misforståelsar. Barna reagerer fortare på beskjedar, og får betre moglegheit for kommunikasjon. Å lukkas i kommunikasjonen minskar frustasjonar, gir tryggleik og aukar sjølvkjensla.
Teikn-til-tale vil kunne bidra til eit positivt språkmiljø i barnehagen. Barna med normal språkutvikling vil kunne få betre språkleg bevissthet, og når barn som har behov for støtte i kommunikasjonen utviklar talespråk, vil talen vera det viktigaste kommunikasjonsredskapet og barnet legg teikna vekk.
Visuell støtte
Me opplever at bruk av visuell støtte skapar tryggleik, inkludering og meistring, og brukar dagsplan med bilder og tegn i kommunikasjonen med barna. Alle likar å vita kva dei skal gjera i løpet av dagen, både barn og vaksne. Bruk av dagsplan gir barna oversikt over dagen og dei kan sjå kva aktivitetar dei skal vera med på.
Rundt barnehagen heng det plansjar med symbol og teikn, t.d. med symbol og teikn for mat ved bordet, symbol og teikn for kle i garderoben. Dette skal vera ei støtte til barna, som dei kan bruka om dei har behov for å formidla noko dei ikkje klarar å uttala. Dei vaksne kan også bruka det til å peika på klesplagg barnet skal kle på seg, for å sikra at barnet forstår den verbale beskjeden som blir gitt. I tillegg er plansjane spennande for barna, og dei liker å kikka på dei og snakka saman om det dei ser.