Klatremus

Ein flott gjeng med barn i alderen 1-3 år er på gruppa Klatremus. I år er det 6 barn på denne gruppa.

Barna på Klatremus er glade i å leika i dokkekroken, med magnetar og bilar. Dei likar å bruka kroppen, til klatring, hopping og dansing. Å gå tur til Lundhaugen og Prestegardsmoen er veldig kjekt.

Barna fylgjer spent med når me tek fram konkreter og har samling for dei. Dei likar også å synga og høyra på musikk, og er glade i å bli lest for!