I fylgje Rammeplanen skal barnehagen la barna sansa, oppleva, leika, læra og skapa med kroppen som utgangspunkt. Barnehagen skal leggja til rette for at alle barna kan oppleva bevegelsesglede, dei skal inkluderast i aktivitetar der dei får vera i bevegelse, og dei skal få oppleva motivasjon og mestring. Personalet i barnehagen skal støtta barna til motorisk utvikling, og gje dei moglegheit til å utfordra seg fysisk, og dei skal få oppleva at dei kan vurdera og meistra å ta risiko i motorisk leik.
Barnehagen skal også bidra til at barna får kunnskap om kroppen, blir kjent med eigne kjensler, og får eit bevisst forhold til det å setta grenser for eigen kropp og ha respekt for andre sine grenser. Aktivitetane i barnehagen skal ha ein balanse mellom ro og aktivitet, så barna skal få ro, kvile og avslapping i løpet av barnehagedagen.
Motorisk utvikling
Motorisk utvikling er utvikling av evna vår til å få kontroll på bevegelsane. Me deler motorikk inn i grovmotorikk og finmotorikk. Grovmotorikk er store bevegelsar som å gå, springa og hoppa, medan finmotorikk er små, presise bevegelsar ein brukar når ein til dømes perler, tegnar og klypper.
Utviklinga skjer ikkje berre med fysisk vekst og modning, men av erfaringar barna får av å bli presentert for bevegelsar og utfordra til å prøva nye aktivitetar. Dei må bli stimulert til å driva med grunnleggjande motoriske bevegelsar kvar dag, slik at dei får prøva ut, øva og til slutt meistra. Barn har eit naturleg behov for å vera i bevegelse, og er ofte i kroppsleg leik med høgt tempo. Dei søker spenning og meistring, og denne naturlege drivkrafta bidreg også til at dei skaffar seg erfaringar og utviklar grovmotoriske ferdigheiter. Desse grunnleggjande grovmotoriske ferdigheitene, legg grunnlaget for meir spesialiserte og komplekse bevegelsar barna vil møta i idrett, leik og kvardagsliv seinare.
Forskning viser at god motorisk utvikling gir barna eit godt utgangspunkt til leik og samspel med andre barn, til å meistra oppgåver i kvardagen og det kan også ha innverknad på språk, lese- og skriveferdigheiter og konsentrasjon.
Meistring og motivasjon
Å meistre er eit grunnleggjande behov, og kvar gong ein opplever meistring, lærer ein noko om eigne ressursar, og får styrka trua si på at ein kan greie andre oppgåver også.
For å støtta barna i å oppleva meisting må me legga til rette for aktivitar barna har føresetnader for å meistra, i tillegg til at dei må ha litt å strekkje seg etter. Aktivitetane må vera interessante for barna, slik at dei blir motiverte for å prøva og klara. Me kan dela motivasjon i ytre og indre motivasjon. Ytre motivasjon er at du blir motivert for ein aktivitet på grunn av ei belønning eller for å unngå straff. Om du gjer ein aktivitet fordi du sjølv har sett deg eit mål, eller har lyst å gjera det fordi aktiviteten gir belønning i seg sjølv, er det indre motivasjon. Den indre motivasjonen er den som gir mest glede og kjensle av mestring. For at barna skal bli motiverte må dei få moglegheit til å medverka, bli nysgjerrige og oppleva meining med aktiviteten.
Tema og aktivitetar
I løpet av året vil me støtta barna i både grovmotorisk og finmotorisk utvikling. Me skal legga opp til leikprega aktivitetar, der dei kan oppleva glede av å vera i bevegelse og oppleva at aktivitetane er meiningsfulle og utfordrar dei til å meistra nye bevegelsar. Det blir anbefalt at barn er i fysisk aktivitet med moderat til høg intensitet i minst 60 minutt dagleg, så dei organiserte aktivitetane vil oftare føregå ute enn før.
Uteområdet vårt i barnehagen er variert og inviterer barna til både klatring, springing, husking og hopping. Ved å bevega seg i ulent terreng og bratte bakkar får barna brukt varierte bevegelsar og utviklar eit allsidig bevegelsesrepertoar. I tillegg må dei også jobba med andre motoriske element som synssans, balanse og auge-fot-koordinasjon.
I grovmotoriske aktivitetar vil me gjennom året la oss inspirera av temaet sirkus. Sirkusartistar har ein veremåte som er kroppsleg og leikprega, og humor og glede står i sentrum. I sirkusleik vil barna få øva på dei grunnleggjande bevegelsane gange, springing, kast, hopping, hinking, klatring og koordinasjon. Det vil bli både turn og akrobatikk, leik med ball og imitering av dyr som beveger seg. Barna må også samarbeida, ha tillit til kvarande og ta hensyn til kvarandre, når dei til dømes skal kasta ball til kvarandre eller laga akrobatiske pyramider.
Mange barn er glade i musikk, og musikk skapar ofte ein motivasjon til å vera i bevegelse. I løpet av året vil me dansa og bevega oss etter rytme, og læra oss songleikar med bevegelse.
Barna vil bli presentert for ulike aktivitetar etter kva årstid det er. Haust, vår og sommar vil me har syklar framme, me vil laga hinderløyper og legga opp til fangeleikar og stafettar. Om vinteren skal barna få skli på akebrett og gå på ski.
Kvar fredag er det turdag i nærområdet. Turane går til dømes til skogen i Prestegardsmoen, til aktivitetsparken, til leikeplassen i Hagebyen eller Lundhaugen eller til fotballbanen. På våren går me av og til lengre turar, til dømes til Mølster. Målet med turane er at barna skal bli vant til og glade i å gå på tur, og dei skal få vera i fysisk aktivitet i andre miljø enn barnehagen.
I fylgje rammeplanen skal me bidra til å at barna opplever å vurdere og meistre risikofylt leik gjennom kropplege utfordringar. Dette er eit tema me skal ha fokus på i personalgruppa, og me ynskjer å bli betre på å la barna vera i boltreleik, og la dei ta og vurdera risiko når dei til dømes klatrar.
Inne vil barna ha moglegheit til å utvikla finmotoriske ferdigheter med tegning, skriving, perling og klipping. Desse aktivitetane gir også barna ro, og dei får pause frå fysisk aktiv leik. Dei minste barna får også ro når dei har sin faste kvil etter lunsj. Barna på Mikkel rev har fast kvilestund med lydbok ein gong i veka. Me fokuserer også på å skapa ro i kvardagen, gjennom bevisste val av rolege aktivitetar, deling av barnegruppa og fordeling av aktivitet på fleire rom.
