Å ha god leikekompetanse krev at barnet utviklar mange ulike, samansatte kompetansar, frå det å ta kontakt med andre på ein god måte, forstå og mestra bruka leikekodar, bruka fantasien, tolka andre barn sitt perspektiv, gå inn i ei rolle, til det å kommunisera, forhandla og bli einige. Dette viser at leiken er ein god situasjon der barna kan læra både sosiale og språklege ferdigheiter. Samspelet i leiken skapar gode relasjonar, både mellom barn og barn-vaksne. I leiken har ein ofte felles fokus, og ein deler ei felles oppleving som gjer at ein knyter seg til kvarandre.
Utviklinga av leikekompetansen går gradvis, og vaksne som støttar og er med på å lokka barna inn i leiken er avgjerande. Barn har ulike behov for støtte i leiken. Nokon hiv seg ut i leiken og er fulle i fantasi, nokon er ikkje heilt trygge, nokon treng ro rundt seg for å klara og halda fokus i leiken og nokon har gjerne ikkje erfaringar med leiketemaet, som gjer det vanskeleg å gå inn i rolle.
Utvikling av leikekompetanse:
1-2 år |
2-3 år |
3-4 år |
4-5 år |
5-6 år |
Turtakingsleik, utforskar gjenstandar og leiker, grovmotorisk leik |
Begynnande late-som-leik, imiterer, prøver ut nye leiker, vil klara sjølv |
Liksom-leik, leiker med andre barn, samarbeider, blir værande i leiken |
Utvida leikerepertoar, mestrar å leika med det dei har bygd, går inn i ulike roller, forstår reglar i regelleik |
Lar seg riva med i rolleleik, leiker meir avansert konstruksjonsleik, er meir sjølvstendig i regelleik, kan vera lenge i leik
|
For at barna skal utvikla god leikekompetanse er personalet i barnehagen viktige. Personalet må ha god kunnskap om leikeutvikling, og forståing for kva leiken har å bety for barna sin trivsel og læring i barnehagen. Me må vera bevisste at me ikkje kan planlegga kva og korleis barna skal leika, men heller tilrettelegga for leik dei kan meistra og støtta deira initiativ i leiken. Bevisstheit rundt eiga rolle i leiken er også viktig for å kunne støtta barna på ein god måte.
Ei av rollene personalet kan ta i leiken er å vera observatør. Observasjonar av leikesituasjonar er viktige for å oppdaga om nokon av barna treng ekstra støtte, og om alle har nokon å leika med.
Tilretteleggar kan også vera ei rolle personalet tek i leiken. Det er personalet sitt ansvar at barna får leika, så det må settast av tid og rom til å leika i planane. Dei vaksne kan også tilrettelegga for god leik ved å dela barnegruppa i smågrupper. Den viktigaste jobben personalet kan gjera som tilretteleggar, er å gje barna inspirasjon. Leikemiljøet må inspirera til leik, så leikesonene og utvalet av leiker i barnehagen må bytast ut med jamne mellomrom, for å skapa variasjon og ny inspirasjon. Spennande rekvisitter og felles opplevingar kan også inspirera barna i leiken.
Me ynskjer å vera leikne vaksne som deltek i barna sin leik. Når personalet går inn i leiken med ei deltakande rolle, kan me støtta dei barna som treng det, hjelpa med å vidareutvikla leiken og vera rollemodellar for inkludering og konfliktløysing i leiken. Den vaksne kan også vera ein god språkmodell, og gjera barna bevisste på leikekodar og måtar å invitera seg inn i leiken på, og bruka teikn som støtte til kommunikasjonen i leiken.
For å skapa variasjon i leiken og ha gode forutsetningar for å utvikla inspirerande leikesonar, vil me dette året ha fokus på ulike typar leik gjennom året.
MÅNAD – TYPE LEIK |
MÅL |
September-november Konstruksjonsleik |
|
Januar-februar Utforskande leik og sanseleik |
|
Mars-april Late-som og rolleleik |
|
Mai-juni Motorisk leik og regelleik
|
|