På Mikkel rev likar barna å leika i dokkekroken, teikna og bygga. Mange av barna er interesserte i dinosaurar, og likar godt å leika med dyr. Dei er opptekne av å vera gode vener og øver ofte på å hjelpa kvarandre. Dei likar seg godt på kjøkkenet, og er glade i å vera med å laga mat og baka rundstykker.
Uteleik i leikehuset, full fart med fysisk aktivitet og leik med vatn og sand er veldig kjekt. Ein dag i veka er heile barnehagen på tur i nærområdet.
Bøker er ein favoritt blant barnas på Mikkel rev. Dei likar å kikka i bøker og bli lest for, og kvar dag under fruktmåltidet har me ei roleg stund der barna får høyra på lydbok.

