Mat og helse

Barn er aktive og treng regelmessig påfyll av energi, næringsstoff og væske for optimal vekst og utvikling. Det er også viktig for at dei skal ha eit godt grunnlag for å delta i leik og læring.

Måltida i barnehagen skal gje barn eit grunnlag til å utvikla matglede og sunne helsevanar, og barnehagen skal motivera barna til å eta sunn mat og gje dei ei grunnleggjande forståing av kva som er sunn mat for kroppen.

Mat og måltid som pedagogisk aktivitet

Barna skal få moglegheit til å medverka i mat- og måltidsaktivitetar. I mat- og måltidsaktivitetane skal barna få oppleva matglede og matkultur og prøva nye smakar. Me vil at barna skal vera med å dyrka og hausta grønnsaker i barnehagen, og å erfaring med mat «frå jord til bord». Dei skal også få erfaringar med å gå på butikken.

Barna på Mikkel rev deltek i matlaging når det blir laga varm lunsj og bakt rundstykker i barnehagen. Dei hjelper til dømes med å kutta opp ingrediensar, skrella grønnsaker og rulla ut rundstykker. Matlaging er også ein fin aktivitet for å gi barna kunnskap om matvarer, og jobba med matematiske omgrep som til dømes tal og vekt. Vekas gode hjelpar deltek også i borddekking og opprydning etter måltidet. Barna på Klatremus vil ha fokus på sansing, og skal få smaka, ta på, studera og læra omgrep knytt til mat. Innimellom vil dei også baka eller la barna få delta i matlaging.

 

Måltider i barnehagen

Måltidssituasjonen skal vera ei fin stund med samtale rundt bordet, og god tid til å eta eit næringsrikt og sunt måltid. Måltidet skal vara minst 30 minutt, og ein skal gjera barna bevisste på svolt, tørste og mettheit for at dei skal kunne utvikla god appetitregulering.

Me serverer tre faste måltid kvar dag, og det skal ikkje gå meir enn tre timar mellom måltida.

Maten me serverer skal vera variert og i tråd med Helsedirektorates anbefalingar for mat og måltid i barnehagen. Barna får velgja ulike typar pålegg til måltida med brødmat. Kvar veke vil me ha eit fiskepålegg som barna får tilbod om i tillegg, til dømes røykelaks og fiskekaker.

For at mattilbodet skal vera meir variert vil barna få servert kjøleskapsgraut til lunsj ein gong i veka, og ein dag i veka vil dei få yoghurt med heimelaga müsli i staden for knekkebrød til frukt. Barna vil få tilbod om enten mjølk eller vatn til måltida.

Me set opp meny for varmmat for 8 veker om gongen og lagar denne menyen minst to gonger. Dette gjer at barna får smaka rettane fleire gonger, og kanskje dei likar retten betre andre gong dei smakar den. Me varierer på om me lagar fiske-, kjøt-, kylling- eller vegetarrett, og om det er kokte, steikte eller rå grønnsaker som tilbehør.