Trygt og godt barnehagemiljø

1. januar 2021 kom det eit nytt kapittel i barnehagelova; Psykososialt barnehagemiljø. Formålet med dette nye kapittelet er å sikra at alle barn skal ha eit trygt og godt psykososialt miljø i barnehagen. For at det psykososiale barnehagemiljøet skal opplevast som trygt og godt, skal det vera nulltoleranse for utestenging, mobbing, vald, diskriminering og trakassering. Barna skal ha gode relasjonar til både barn og vaksne. Barnehagen skal jobba førebyggjande ved å kontinuerleg arbeida for å fremja helse, trivsel, leik og læring for barna.

Barnehagelova §42 omhandlar barnehagen si aktivitesplikt, og legg føringar for kva plikter barnehagen har for å fylgja med og gripa inn, og kva tiltak barnehagen skal gjera om foreldre eller tilsette informerer om at barn ikkje har det trygt og godt i barnehagen. Barnehagen har også skjerpa aktivitetsplikt (§ 43) ved mistanke om, eller kjennskap til at ein som arbeider i barnehagen, utset eller har utsett eitt eller fleire barn for krenkelsar. Voss herad har utarbeidd plan og skjema for aktivitetsplikt og skjerpa aktivitetsplikt, som vil bli brukt i utarbeidinga av tiltak.

Aktivitetsplikt:

1. Barnehagen har ansvar for å fylgja med på korleis alle barn har det

2. Alle tilsette har plikt til å gripa inn om eit barn ikkje har det bra.

3. Alle tilsette skal melda frå til styrar om dei får mistanke om at eit barn ikkje har det trygt og godt i barnehagen.

4. Barnehagen må straks undersøka saka om det er mistanke eller kjennskap til at eit barn ikkje har det trygt og godt.

5. Barnehagen skal setta inn tiltak om eit barn ikkje har det bra. Det skal lagast ein skriftleg plan, i samarbeid med foreldra